Humboldt-Universität zu Berlin - Sprach- und literaturwissenschaftliche Fakultät - Nordeuropa-Institut

Å skriva for dei som ikkje vil lesa - Terje Torkildsen

Terje Torkildsen er utdannet norsklektor og debuterte i 2008 med boken Marki Marco og har utgitt flere bøker siden. Dessuten er han komiker og skuespiller.
  • Å skriva for dei som ikkje vil lesa - Terje Torkildsen
  • 2017-06-27T18:00:00+02:00
  • 2017-06-27T20:00:00+02:00
  • Terje Torkildsen er utdannet norsklektor og debuterte i 2008 med boken Marki Marco og har utgitt flere bøker siden. Dessuten er han komiker og skuespiller.
  • Was Öffentliche Veranstaltung Henrik-Steffens-Vorlesung
  • Wann 27.06.2017 von 18:00 bis 20:00
  • iCal

Å skriva for dei som ikkje vil lesa – Terje Torkildsen

Terje Torkildsen
er utdannet norsklektor og debuterte i 2008 med boken Marki Marco og har utgitt flere bøker siden. Dessuten er han komiker og skuespiller.
Der Vortrag wird auf Norwegisch gehalten.
20170627 hsv

Har forfattarane eit ansvar for å få nye generasjonar til å lesa? Den norske ungdomsbokforfattaren Terje Torkildsen meiner det. Det er faktisk utganspunktet for heile forfattarskapen hans og, i følgje han sjølv, hovudårsaka til at han har vunne Uprisen, den norske popularitetsprisen for ungdomsbøker, to gonger. Torkildsen meiner at det å gjera unge menneske til lesarar er eit viktig for å byggja og odla samfunnet.

Alle er einige om at lesing er ein føresetnad for at me skal kunna kommunisera med kvarandre og tileigna oss informasjon. Men Torkildsen hevdar at lesing også gjer oss til rikare og betre menneske. Bøkene hjelper barn og unge til å bli kloke og ansvarlege vaksne. Skjønnlitteraturen, og kanskje særleg romanen, kan gi innsikt i andre menneske sine perspektiv og særpreg på ein måte som ingen andre medium kan.

Skjønnlitteraturen kan også gi ei fellesskapskjensle som strekkjer seg langt utover her og no. Dei som les kjenner seg i slekt med menneske dei aldri har møtt og aldri vil møta, folk frå fjerne himmelstrøk og fjern fortid. Litteraturen fortel noko om kva som er felles for alle menneske, på alle stader og til alle tider. Bøkene fortel oss at me ikkje er åleine.